Det var med stor spaning eg forlot Golmud for ei veke sidan. Eg visste det kom til å bli hardt, men eg var likevel spant på kva som venta meg her oppe. Sven Hedin utforska og kartla området på byrjinga av 1900-talet. Då måtte han drikke kamelblod for å overleve. Så ille vart det ikkje for meg, men ved eit par høve var eg svært nært å gå tom for sjokolade. Fyrste hinder på vegen var check pointet inn mot platået. Dette er ikkje alltid ope for turistar. Eg kryssa fingrane og svingte forbi alle trailarane inn mot vaktbua på påtatt sjølvsikker måte. Eg vart bedt om å kome inn i vaktbua. Der vart det spurt om eg skulle til Tibet, noko eg svarte nei på. Dei tok bilete av meg og kopierte alt eg hadde med av papir. Eg signerte på noko papir eg ikkje ante kva sto på. Fleire gongar til spurte dei om eg skulle til Tibet. Same svar. Då eg fekk gå sa han eine at om eg prøvde å kome meg inn i Tibet vart eg vist ut. Takk for informasjonen svarte eg før eg satte meg på sykkelen og byrja å trø oppover mot platået.
Frå Golmud og opp bakkane mot toppen av Kunlun-passet brukte eg 3 døgn. Eg byrja etterkvart å verkeleg slite med pust og at eg vart svimmel. Høgda tek på. Det var sikkert like greit at eg brukte 3 døgn på å nå toppen av passet. Her frå ein av campingspottane mine desse dagane:
Det hadde allereie byrja å bli kaldt på platået. Om dagane låg temperaturen på -5°C, medan det på natta falt mot -20°C. Med ein sovepose som har komforttemperatur på 0°C vart det å vakne i 4-tida og vente på at sola skulle stå opp att i 8-tida. Eg var ikkje interessert i ein repitisjonsøvelse, så eg la litt om på planen min. Etter at eg hadde passert Kunlun-passet prøvde eg for kvar dag å nå ein landsby og spørre om overnatting. Dette ga meg variable dagsetapper, men iallefall ei god natts søvn. Strategien fungerte heile vegen til Yushu. Eg overnatta privat og på verkeleg skitne gjestehus.
Like etter Kunlun-passet deler vegen seg i to, alle trailarar (og dei er det vanvittig monge av på denne vegstrekninga) køyrde til høgre mot Lhasa. Eg sykla til venstre. Plutselig vart det heilt stille att. Det var herleg. Eg kunne stoppe kor som helst og slappe av og ta bileter. I snitt passerte vel eit køyretyg i timen.
For det meste var det solskin som gjorde syklinga veldig fin:
Nokre dagar var det litt tyngre. Mesteparten av bablinga mi forsvann i vinden. Cliffnotes; Kaldt, vindfullt og høgt:
Terrenget når eg fyrst var komen opp på platået var flatt i vest, medan det vart meir bakkar til lengre aust eg kom. På desse 700km måtte eg over rundt reikna 10 pass. Men det var aldri noko særleg tungt då passa stort sett kun ga ei klatring på 500 høgdemeter. I tillegg er kinesarane kruttgode på å lage veg. Fantastisk asfalt og stigningsprosenten var aldri høgre enn 8%.

Eine dagen det var skikkeleg vindfullt fekk eg spurt meg til overnatting hos ein familie i ein veldig liten landsby. Der var det ein gutunge som var svært sosial. Han kom og banka på vinduet mitt fleire gongar i laupet av dagen. Eg slapp han inn og fekk lært han litt engelsk. Tenkte han skulle få spare på nynorsken nokre år til. Tibetanerane er mykje venlegare enn fastlandskineserane. Det er som å vere tilbake til sentral-asia igjen. Alle helser på meg. Nokre kan også litt engelsk. Dei har i tillegg eit mykje meir avslappa forhold til det absurde byråkratiet som finnast i Kina. På gjestehusa eg har vore på her går det i rilum utan nokon form for registrering hjå politiet. Behageleg.
Det er overraskande mykje dyreliv på platået. Området eg sykla gjennom er i tillegg spesielt kjent for dyrelivet. Her jakoksar, det var vanvittig monge av dei:

Jakoksar er rare. Dei ser morske ut og skuar på deg. Men i det du kjem for nært blir dei livredde og flykter vekk med elegante ballerinasteg.
Eg såg mykje gribbar på platået. Desse gutta forsynte seg grådig av dette kadaveret (det er ikkje ein syklist). Men akkurat i det eg tok fram kameraet snudde dei seg vekk og lata som ingenting. “Hei! Du med kameraet, få det vekk, vi vil ikkje vere på film medan vi et.”
Fetteren til røyskatten?
Ein typisk tibetansk landsby:
Mor med håpet på veg til skulen. Eg har enno ikkje skjønt poenget med desse maskene framføre munn og nase. Forureining er det ikkje her oppe. Då er det vel mot kulda. Det er kun kvinnene som bruker desse maskene. Men det må då vere recipe for disaster å puste gjennom eit fuktig filter? Vel vel, kva veit eg, lege vart eg aldri.
Bror og søster? Søster ser som vanleg ikkje heilt nøgd ut:
Rakkarane veit å nøyte seg av litt varme frå sola når ho står opp att om morgonen:
Eg hadde aldri noko problem med hundar som låg og slappa av i landsbyar. Men eg hadde ein uheldig episode med to Tibetan Mastiff som sprang etter meg, der den eine beit i liggeunderlaget mitt. Glad det ikkje var foten min. Desse hundane sto gjerne laust ved hus som låg aude til. Mottiltak er å røyse seg på sykkelen og kauke alt ein har til dei. I tillegg plukka eg opp steinar eg kunne kaste når eg passerte desse husa.
Eg er no altså stasjonert i Yushu heilt aust i Quinghai, på grensa til Sichuan. Det er fortsatt ei god veke til på platået, før det går nedover mot lavlandet att. Gleder meg til det. Yushu er ein ganske fin by, klemt inne mellom fjell. Eg tykkjer Yushu er eit slags Kinas svar på Sykkylven. Ein stor cowboylandsby med ei hovudgate, store fjell rundt der sykkylvskyrkja er byta ut med eit svært kloster. Skal ut på sightseeing i dag. Kanskje eg tar med kameraet.
Du hugser kanskje eg skreiv at Taklamakanørkenen fekk ein 2ar på ferieterningen? Det Tibetanske platå gjev eg ein soleklar 6ar. I tillegg til Pamirfjella er landskapet eg har sett her veldig veldig flott. Vegane eg sykla på nesten fri for trafikk. Det er nesten ingen vestlege som har besøkt dette området. Det finnast knapt offentleg transport her. Og om du har planar om å køyre rundt i Kina, dropp det. Du må ha eigen guide. Så her er det berre å pakke ned sykkelen og hoppe på det fyrste flyet til Golmud.
Mads